kameleon quilt logo

Datamaskina som hjelpemiddel


...også til quilting..

Før bilde kan printast på stoff må dei som regel redigerast ein del. Sjølv brukar eg mykje Corel Photo Paint (foto-redigeringsprogram) og Corel Draw (tegneprogram) til dette arbeidet.
Bildet under er frå baksida på quilten "Kaleidokatt" og viser nokre av fotoa som vart printa ut på stoff. Klikk på bildet for å lese meir om prosessen.


Foto av katt manipulert med data og printa på stoff
Her er forklart litt om korleis bilda er behandla før printing.




banner for Torvmyrane



Billedcollagen til venstre vart printa på stoff og vart til fane til Torvmyrane Skule.
Klikk på biletet for å sjå korleis det vart jobba med bileta i den første fasa av arbeidet.

Bubble Jet Set sidene er der meir om printeprosessen.










Når eg designar teppe o.l. der delane er blokker eller geometriske former, brukar eg mykje programmet QuiltPro som er eit såkalla quilteprogram, beregna til å designe meir og mindre tradisjonelle tepper i patchwork eller applikasjon.
Fordelane med dette framfor "vanlige" tegneprogram er bl.a. dei mange ferdiglaga rutenetta som ligg klar til bruk (kvadratisk, isometrisk, sirkelforma etc), gode tegneverktøy til dei ulike fasongane på "lappane", "skjerekniv" som kan brukast omtrent som rullekniven (treng du berre ei halv blokk, er det berre å kutte den rett over), mange ferdige blokker og stoff ligg klar til bruk i tillegg til at ein kan lage sine eigne, etc.. etc..

Meir om dette med eksempel på bruk vil kome etterkvart.


Til å skrive mønster synest eg det er det ein fordel å bruke ein kombinasjon av desse programma, men det går også bra med berre det eine eller berre det andre.
I mønsteret til Kameleonquilt nr 1 "Natt og Dag" vart absolutt alle mønsterdelar og illustrasjonar laga i QuiltPro, og det fungerte bra.
Men jobben blir enklare med å kombinere dei to tegneprogramma, då kan ein utnytte fordelane i kvart program.






Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Foto på stoff 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

 

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Foto på stoff | Data og quilting Teppe laga av andre | Linkar | E-mail |

TOP

Copyright 2002 2003 2004 Eldrid Røyset Førde